Book Møterom Kalender Kurs, seminarer og møter Sitte i et styre?
Meld deg på nyhetsbrev

Kulturveke

Vestre Slidre kommunen har tradisjon for å ha kulturveke andre veka etter haustferien. Så også i år. Vi gler oss og er stolte over å presentere ei veke spekka med ”highlights”.

 

Nytt i år er at vi set dei fleste konsertane inn i ein samanheng, og at vi for anledninga har laga vår eiga forestilling. Den syner 200 års utvikling av musikk og samfunn. Her er mange forskjellige involverte. Kulturskulelærarane har ei sentral rolle. Ungdomskulen er med, ein god del elevar frå kulturskulen, og andre lokale kulturaktørar. Mannskor blir det og – for anledninga.

 

Laurdag 11. oktober:

Ole Edvard Antonsen med band og Røn Musikklag.

Meir informasjon finst på www.ronmusikklag.no

Billettar finst på www.billettservice.no

Vestre Slidre kulturhus kl. 19:00 Arr: Røn musikklag.

 

Måndag. 13. oktober:

Konsert og bokkveld

Vi får besøk av Erik Lukashaugen frå Elverum. Han har gjort stor suksess med å tonesette tekster av Hans Børli. Han tek med seg 3 andre musikarar og gir ein flott konsert som start på bokkveld i Olbergsalen. Konserten vert sponsa av Den Kulturelle Spaserstokken. Musikken passar for alle aldersgrupper.

Etter konserten vert det enkel servering og bokkveld med lokale forfattarar.

Billettar til konserten vert selde ved inngangen.

Vestre Slidre Kulturhus – Olbergsalen kl. 19:00

 

Tysdag 14. oktober:

”Framover mot fortida”

Ei reise gjennom tid frå i dag og bakover til 1814. Vi viser samfunnsutviklinga og den musikalske utviklinga. Forestillinga er resultat av eit samarbeide mellom kulturskulen, ungdomsskulen og andre kulturaktørar.

Vestre Slidre kulturhus kl. 18:00

 

Onsdag 15. oktober
Konsert i Plassen med Evald Fredholm

Prøysen blir eit hovudtema.

Plassen eldresenter kl. 12:00

 

 

Torsdag 16. oktober

International fest. Eit arrangement i regi av Vestre Slidre folkeakademi, Røn bygdekvinnelag, Vestre Slidre folkemusikk- og danselag, introduksjonssenteret og Lundeskogen asylsøkjarmottak

Her blir det ”kulturmøte mellom innfødte og innfløtte” - aktivitetar, underhaldning og mat.

Røn samfunnshus kl.18:00

 

Fredag 17. oktober:

Konsert og kulturkveld kl 19:00

Sudan Dudan er ei av Norges fremste folkemusikkgrupper. Dei held konsert i Vestre Slidre Kulturhus. Kvelden held fram med kulturkveld med lokale innslag, prisutdeling og truleg eit par overraskingar.

 

Publisert 26.09.2014