Book Møterom Kalender Kurs, seminarer og møter Sitte i et styre?
Meld deg på nyhetsbrev

Nyvald styreleiar i næringshagen

Ny styreleder.jpg

SLIDRE: – Det er ei spennande tid. Det er mykje som skjer i Valdres, konstaterer Harald Andris Hamre, busett i Slidre.

Lokale styreverv i bagasjen

Hamre er i utgangspunktet pensjonist, men har vore ein aktiv deltakar i lokalsamfunnet sidan han flytte tilbake til barndomsbygda si for nokre år tilbake.

Han har vore styreleiar Valdres kompetansevekst og Valdres arbeidssenter og hatt ein del verv i Isfolket AS.

– Eg går ut ifrå at dei som sit i valkomiteen i Valdres Næringshage har fått kjennskap til meg gjennom det, seier han.

Siviløkonom og bankliv

Valdres Næringshage hadde ekstraordinær generalforsamling onsdag 2. september, da det ikkje hadde lukkast dei å finne ein ny styreleiar på den ordinære generalforsamlinga før sommaren.

Hamre er utdanna siviløkonom, og har mellom anna vore viseadministrerande direktør i Sparebanken Hedmark i tjue år.

Gründer og politikar

I tillegg til Hamre, er Cathrine Dokken og Sigmund Hagen vald inn i styret til Valdres Næringshage. Dagleg leiar i næringshagen, Hilde Tveiten Døvre, meiner det er bra å ha med folk frå ulike miljø i styret.

– Det er flott å ha med nokre lokale gründerar som Dokken. Hagen er regionkoordinator på Hadeland. Han har mange år bak seg som fylkespolitikar for Sosialistisk Venstreparti, fortel ho.

http://www.avisa-valdres.no/nyvald-styreleiar-i-naringshagen/s/5-54-41632

 

Publisert 14.09.2015